Tilbakemelding på Helene 😊
Helene er heilt fantastisk å prate med! ❤️
Ho er både varm og lyttande, noko som gjer det veldig lett å opne seg for henne. Ho fekk meg til å kjenne meg sett og forstått gjennom heile samtalen. Alt ho sa om situasjonen min no, og spesielt rundt kjærleiken, var heilt spot on. Ho skjønte raskt korleis ting stod til, og klarte å setje ord på tankar eg sjølv ikkje hadde fått formulert. 😊😊
Ho minna meg på å ta små steg, ha tolmod, og la ting utvikle seg naturleg – noko som traff heilt riktig i min situasjon. 🙈
Eg følte verkeleg ho hadde ei innsikt som stemte heilt. Anbefaler Helene varmt til alle som ønskjer ein samtalepartnar som er både treffsikker og genuint hyggeleg.
Ho gir deg ro i hjartet og kloke ord å ta med vidare.❤️